HAVSTERK AS er ein banebrytande innovatør og leverandør av servicebåtar, fôr- og dødfiskflåtar som effektivt kan handtere dødfisk i fiskeoppdrettsindustrien. Som namnet tilseier, er Havsterk sine produkt utvikla med særleg omsyn til miljø, hygiene, styrke og haldbarheit.

Etter nærare tretti år i oppdrettsindustrien, sat Alex Vassbotten inne med brennande idear om kva som skulle til for å forenkle kvardagen på eit lakse- og aureoppdrett. Alex er medeigar og dagleg leiar av Steinvik Fiskefarm AS, eit familie-eigd selskap som produserer 10 000 tonn fisk i året. Med ekspertisen til Mundal Gruppen AS som er spesialistar på design og utvikling av innovative komposittfartøy, vart ideane til Alex sett ut i live gjennom skipinga av Havsterk AS.

I dag kan Havsterk tilby skreddarsydde nyvinningar for handtering av dødfisk og ensilasje. Med våre produkt kan du kvitte seg med dødfisk på mykje enklare vis enn tidlegare, og meir effektivt hindre smittefare. Våre servicebåtar og dødfiskflåtar er utstyrt med kran, miksar og kvern med automatisk innføring av maursyre. I tillegg er Havsterk sine produkt laga av kompositt – eit sterkt materiale som er meir miljøvenleg og krev mindre vedlikehald enn tradisjonelle materiell.