Sandwich konseptet

DIAB sandwich

Kva går sandwich-konseptet ut på?

Ved å skilje to material og legge eit lettvektmaterial i mellom desse, får vi ein struktur som aukar stivleiken og styrken, og dette til tross for at vekta blir lågare. I prinsippet består ein sandwich av to overflatelaminat som er limt eller laminert mot eit kjernemateriale. Ved belastning tar laminata opp trykk og strekk og gir samstundes konstruksjonen sterke solide overflater. Kjernematerialet absorberer alle skjerkrefter frå belastningar og fordeler desse over store areal.

Kva er fordelane med DIAB sandwichmateriale?

Sandwichkonstruksjonen tilbyr store fordelar i både bøyestivleik og bøyestyrke samanlikna med eit enkeltlaminat. Gjennom å doble tjukkleiken på kjerna oppnår vi ein enorm auka stivleik i panelet utan nemneverdig vektauke. Havsterk nyttar DIAB Group sine kompositt-sandwichløysingar i produksjonen. DIAB sitt avanserte kjernemateriale, Divinycell, nytta saman med sterke “Vacuum Infusion” laminat, tilbyr den ideelle kombinasjonen av styrke og stivleik. DIAB sine strukturelle kjerner og kompositt-sandwichløysingar betyr høgare eigenskapar i plastkomposittmateriale, og delar som gir ein optimal vektgevinst.

Den høge styrken i forhold til vekta i ein sandwichkonstruksjon kan utnyttast til mange viktige fordelar, som høgare fart, lengre avstandar, større nyttelast og redusert motorkraft, som alle gir ein betre driftsøkonomi. DIAB sandwich-komposittmateriale tilbyr også:

  • Høg dynamisk styrke: Kjernematerialet Divinycell har gode dynamiske eigenskapar som gjer det ideelt for bruksområder der sjokk og slaglaster kan oppstå.
  • Vassabsorbering: Divinycell har lukka celler og er difor ugjennomtrengeleg for vatn eller fukt.
  • God isolasjon: Dei gode isolasjon- og akustiske eigenskapane til Divinycell eliminerer behovet for tilleggsisolering som normalt blir brukt i andre konstruksjonar.

Les meir om korleis DIAB kompositt-sandwich fungerer: