Multifunksjonell servicebåt

Havsterk sine multifunksjonelle servicefartøy representerer ei spanande nyvinning i industrien. Endeleg kan det bli slutt på å samle opp den døde fisken i baljar eller sekkar som må fraktast til kverningsanlegg på land. Havsterk sine servicebåtar er nemleg skreddarsydd til å handtere og kvitte seg med dødfisk, og er eit kjærkomen hjelpemiddel for røktarar. Utstyrt med eit kvernesystem som kvernar fisken og automatisk tilset maursyre, er fartøya alfa-omega for ein effektiv og smidig observasjonsrunde på anlegga. Med sine mange fordelar kan HAVtruck eller HAVtruck JR erstatte småbåtane som ofte blir brukt i dag:

  • Smittehygienisk fordel: Båtane er utstyrt med ein tank, hydraulisk kvernepumpe, som og tømmer tanken, og ein syretank. Straks fisken er komen inn i tanken kan ein kverne og tilsette syre automatisk rett ved merdkanten. Fråvær av hol og porer i komposittmaterialet som båten er laga av hindrar tilkomst av bakterieflora.  
  • Lettare arbeid: Med eigen lift tilkopla og eit system der fisken via avsiling går rett i tanken, er dagane talte der ein må slite fysisk ved å løfte dødfisken i baljar eller kar - og ein slepp å røre fisken. Når tanken er full kan ein frakte ensilasjen til nærmaste lagringstank, og pumpe ensilasjen via ei hydraulisk kvernepumpe rett inn i lagringstanken. Båtane er også utstyrte med kran og nokk som gjer daglegdagse arbeidsoppgåver enklare å utføre.
  • Høg styrke og låg vekt: HAVtrucken er bygd av kompositt med metoden "Vacuum Infusion," som gir høg styrke og låg vekt. I tillegg er båten sprøyta med Puracoat, eit homogent belegg som blir sprøyta på skutesida med ein tjuknad på 3-5 mm, som gjer at båten kan tåle ein heilt anna bruk enn standard glasfiber som bransjen er kjend med i dag. Denne teknikken har blitt brukt offshore i fleire tiår på utstyr som er utsatt for store mekaniske påkjenningar som slag mot skuteside, sleping over dekk og røff bruk på sjøbotnen. 
  • Smidige og allsidige: Båtane er lette å manøvrere og fortøye, og kan komme opp i ein hastigheit på 30 knop avhengig av storleiken på båten. HAVtrucken er mindre i storleik og lettare enn vanlege servicebåtar og gjer det difor enkelt for røktar å utføre rutinearbeid på anlegget utan å måtte tilkalle ein stor servicebåt. 
  • Miljøvenleg: HAV båtane er laga av kompositt, som har ein betre miljøvenleg profil enn tradisjonelle materiell. I tillegg kan servicebåtane resirkulerast ved utrangering. Du kan lese meir om Havsterk sin miljøprofil her.

havtruck 012havtruck 004havtruck 026havtruck 023